Påskefestane har vore svært så pop på Mydalen med bygdefolk og hyttefolk og ein god aldersblanding. I år vil me satse litt stort på musikken og har fått med oss Stephen Ackles, han er vel kjend for dei fleste. Musikken er hovudsakleg Rock`n roll. Han skal ha med seg ein musiker. Han kjem også til å signere sin siste CD og vil gje publikum ei kjempeoppleving! Musikken startar kl. 21 og han spelar 2X 45 min. Dynne (døra) opnar kl. 20.00 inngangsbillet kr 200. De kan bestille billett på post@seterliv.no eller på SMS til 95059725. Som dei fleste kjenner til har me eit akkurat passe stort lokale. Fylg med her på bloggen eller på seterliv.no, eg seier frå om det blir fullt eller om me fortsatt vil selje billettar i dynne.
Månedlige arkiver: mars 2011
Mågeroe A er utleigd
Hurra me har leigd ut den eine delen av Mågeroe til ein familie!
Anne fekk ein stutekalv
I går kveld. Alt gjekk fint for den fine kviga Anne som fekk namnet sitt ei påske eg hadde besøk i fjoset av nokon hyggelege hyttefolk. Heidi (snart 3 år) var med i starten og såg vassløken. Det var nok rart å sjå, i dag tidleg spurde eg henne om ho hadde forslag til namn og då kom det ganske kjappt at han kunne heite Boblekalv. Elles var Svånaug, Mikkel, Agnes Maria og Elvira med. Dei to småjentun syns det var stas å få vera med på heile fødselen. Eg syns det var stas å få hjelp i fjoset!
Telemarkskviga Symra fekk ein kukalv
10. mars, stor og fin kukalv. Eg har endå ikkje funne eit fint namn til henne. Som regel plar eg finne namn med samme forbokstav som mora. Altså skal det vera S og det skal vera vakkert fordi telemarkskyr er vakre. Denne kukalven er sjølvsagt ikkje noko unnatak og ho er ikkje berre vakker ho er også smart! Dersom nokon der ute har eit forslag vil eg gjerne ha svar under her!
Lykkeli
Lykke sin fjerde kalv kom i dag kl. 7. veldig fin og sprek!
Fjoset-to kalvingar rett rundt hjørnet!
No ventar eg med spaning, Lykke ei av mine beste kyr var daglaus i går og Symra (telemarkskvige) har dato 7. mars. Kalving og stell av kalvar og nyborne kyr er veldig kosleg jobb. Eg og Heidi gjorde klar kalvebingen i går så no kan dei berre koma!
Fortsatt leidge hytter!
Grublar litt over kvifor ingen har slått til på Mågeroe. Hyttene ligg lett tilgjengeleg, er enkle og koslege-slik at ein ikkje treng drive lenge med reinhald og rydding etter ei frihelg! For ikkje å snakke om alle opplevingane ein får med på kjøpet, med dyreliv, aktivitet og gardsmatbutikk. På vinteren er det rett og slett heilt nydleg i området, med skiløypene og vidda like bakom setra! Ein hyttenabo som har hatt hytte like ved sidan av Mågeroe i 3 år var verkeleg fornøgd både vinter og sommar. På sommaren og hausten flyg dei rundt i skog og fjell etter bær og sopp! Ja, det er spesielt bra for barnefamiliar, men også heilt topp for godt vaksne slik som denne naboen! Søk på Tinn på Finn.no så får du sjå annonsa!