Arkiv

Daily Archives: april 27, 2011

hest

I går var eg, Heidi( 3 år) og Birgit 4H-ar på ein liten ridetur.

Frå mitt kontorvindauge kan eg sjå det raude fjoset med grøne vinsjibord og dører-det er eigentleg ganske fint no når trea også har blitt grøne. 4 av kyrne har vore ute ei teid og i påska slapp eg også ut dei som mjølkar- som valeg var det hopp og sprett. Blomelin som er den einaste med horn klara også å rispe eit lite sår på prestinna, det gjeng føre seg. Påska vart ganske flott med arbeid her heime på garden og påskefesten på Mydalen. Eg trur folk kosa seg på hyttene, dei tok beina fatt og tok kanskje nye turar i det fantastiske område. Mange hadde også med seg sykkel. I fjoset har me no 6 småkalvar ogs snart er det Betty som skal kalve, og då blir det ikkje fleire kalvar før i juli. Hestane hoppa sjølvsagt over gjerdet, lei av rundball og ivrige etter grønt gras på jordet. Det er hekstisk å vera bonde på våren mykje som skal reparerast. I dag skal eg ut og ordne gjerder på haugan slik at nokre av kyrne og kvigene kan gå der uppe. Hestane skal nedover i bygda til Bøen der det er kome endå meir grønt gras. Lilja har heilt tydleg ein fole i magen og me gler oss alle til det det er 12 år sidan det kom til ein hest på Håvardsrud!

For hønene har det ikkje vore like stas denne våren, det var ei glede å sleppe dei laus på jordet og dei kosa seg med gras og sandbad. Men ein dag kom reven og to ei høne før dei hadde lagt seg for kvelden . Etter dette stengde me dei inne tidlegare på kvelden, men kl. 18 ein annan dag kom han att og tok endå ei høne. Me har stadig sett han her i det siste og han har skabb og  er nok rimeleg desperat etter mat sidan han ikkje bryr seg om å gå på jakt midt på dagen. Så no må hønenen fint vera inne i huset og utegarden heile døgeret.

Eg derimot må ut or huset!

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.