Det var eit fantastisk syn eg fekk sjå morgonen 25. mai då eg skulle ta ein skjekk på hestane. Horni fyrst, så Lilja og mellom dei dukka eit lite hestehovud opp. Lilja passa svært godt på og brautande Horni fekk ikkje koma for nære, det gjorde ikkje eg heller. På kvelden fekk eg derimot kome inntil folen og sett tydleg at det var ein hingst. Han har endå ikkje fått noko namn, kanskje Askeladden?
Månedlige arkiver: mai 2011
Bæææ, meee, mæææ
Eg skal sei dykk at det å vera bonde er fantastisk. I dag har eg fysst vore i fjoset og mjølka alle kyrne og stelt alle dei 8 småkalvane. Så mata eg gutane mine og sende dei på skulen. Dei gleda seg til mattedag i dag. Sidan for eg til Bøen og sette opp hestegjerde. Der er det like før kirsebærtrea blømer. No tek eg ein liten kaffikopp og så ska eg atter rydde i fjosgongen. stelle kaninburet til Chaplin og Beauty (2 veker til så blir det fleir!). I den vesle hjørnebingen skal eg gjera det klart for kje og lam som kjem frå nabogarden. Da blir det å mate dei 4-5 gongar om dagen! Eg torer ikkje sleppe dei ut endå sidan den svoltne reven uheldigvis saumfarer garden til alle tider på døgeret. Eg er verkeleg stolt over å produsere mat og opplevingar for folk og blir kraftig irritert når enkelte politiske parti hevdar at me driv lite effektivt landbruk i Noreg. For her på garden produserar me store delar av maten på utmarksbeite og det må då vera nokså effektivt i staden for å produsere på innmark og med mykje kraftfor. Me legg inn litt meir enn eit årsverk i landbruket på denne garden og produserer 50 000 l mjølk og mange kg kjøt. No heldt det på å eksplodere i alle sauefjøsa rundt meg lamma blir fødd og også desse skal nyte fjellbeitene til sommaren. Ja, det er fantastisk å vera bonde å få vera med små og store dyr i eit godt liv! Ha ein flott vårdag alle saman!

