Arkiv

Daily Archives: mai 4, 2011

Eg skal sei dykk at det å vera bonde er fantastisk. I dag har eg fysst vore i fjoset og mjølka alle kyrne og stelt alle dei 8 småkalvane. Så mata eg gutane mine og sende dei på skulen. Dei gleda seg til mattedag i dag. Sidan for eg til Bøen og sette opp hestegjerde. Der er det like før kirsebærtrea blømer. No tek eg ein liten kaffikopp og så ska eg atter rydde i fjosgongen. stelle kaninburet til Chaplin og Beauty (2 veker til så blir det fleir!). I den vesle hjørnebingen skal eg gjera det klart for kje og lam som kjem frå nabogarden. Da blir det å mate dei 4-5 gongar om dagen! Eg torer ikkje sleppe dei ut endå sidan den svoltne reven uheldigvis saumfarer garden til alle tider på døgeret. Eg er verkeleg stolt over å produsere mat og opplevingar for folk og blir kraftig irritert når enkelte politiske parti hevdar at me driv lite effektivt landbruk i Noreg. For her på garden produserar me store delar av maten på utmarksbeite og det må då vera nokså effektivt i staden for å produsere på innmark og med mykje kraftfor. Me legg inn litt meir enn eit årsverk i landbruket på denne garden og produserer 50 000 l mjølk og mange kg kjøt. No heldt det på å eksplodere i alle sauefjøsa rundt meg lamma blir fødd og også desse skal nyte fjellbeitene til sommaren. Ja, det er fantastisk å vera bonde å få vera med små og store dyr i eit godt liv! Ha ein flott vårdag alle saman!

Dei blir folkekjære desse småfea av all handsaminga!

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.