Lykkedagen 8.11.11
Hestane på garden tok seg ein tur att i dag. Eg hadde 30 min. ledig tid før middagslaging og for opp i åsen, der såg eg hestedrit. Best eg gjekk i bratte nedoverbakken på sleipe kvista
r vart eg var noko i ein roten stubbe, trur de ikkje det var ein hestesko eg fann. Den hadde ikkje vore på meir enn 1 veke og stakkar Horni hadde visst sett fast skoen medan ho klatra opp mot Herlaugstaul. Overtruisk som berre ei budeie kan vera vart eg fylt med lykkekjensle og gjekk heimatt med lykka i handa! Hestane får eg hente heim att på torsdag. Hovslageren kjem lett over Vegglifjell endå. Ikkje ei snofille.
