Me leiger ut hytter heile året hjå oss og for litt sidan ringde ein familie frå Oslo, dei ville gjerne komma seg vekk frå byens lydar nokre dagar. Eg sa at det er stille og roleg. Og eg måtte ta meg litt i det for hyttene ligg ikje heilt for seg sjølv og ein og annan bil kjem forbi i krabbefart. Så i mitt hovud er det ikkje heilt stille akkurat. Men så var eg sjølv i hovudstaden dagen etter og då forsto eg at det er nesten heilt musestille her på Dakkeset. Folk blir vel lei av at eg heile tida seier kor vakkert det er her. Beklager, men det er sanninga og i dag er det heilt kvitt sola kjem opp og det er -10,5 grader. I dag skal eg endeleg ta meg ein liten skitur i ei av løypenen eg endå ikkje har synfart i år.
Kvitt og stille
Legg igjen en kommentar
